Då Rimvydas Avizonis kom til Florø frå Litauen i 2012, var målet å finne arbeid og bygge eit nytt liv. I dag, 14 år seinare, har han jobba seg opp frå operatør til produksjonsleiar ved Slakteriet i Florø. Vi skal vere eit karriere-springbrett, enten det er å klatre i gradene internt eller bruke oss som ein plass å starte, fortel HR-leiar Vibeke Grotle Lillestøl.

Eg kom i dialog med Slakteriet og både eg og kona mi fekk tilbod om jobb som operatør i produksjonen. Etter eit år i bedrifta fekk eg tilbod om å ta truckførar-lappen og jobbe på fryselageret. Så det gjorde eg i eit par år før eg igjen fekk tilbod om å bli linjeleiar på frys, innleier Rimvydas.

Klatra frå produksjon til leiing

Leiinga er flinke med å gi dei tilsette auka ansvar, fortel han. For ei stund sidan fekk han tilbod om rolla som produksjonsleiar på Slakteriet i Florø – og Rimvydas takka ja til moglegheita.

I løpet av ein arbeidsdag kan det gå opptil 50.000 fisk gjennom anlegget til Slakteriet i Florø. Produksjonsleiarane har kontroll på heile prosessen; frå å sørge for at det er nok folk på jobb i dei ulike produksjonslinjene og dialog med oppdrettarar og eksportørar, til å bestille inn utstyr og følge opp at produksjonen går som planlagt. Etter 13 år som operatør og linjeleiar har Rimvydas god forståing for både prosessar, kvalitet og flyt i arbeidet. Det gjer det enklare å ta gode val, leie dei tilsette og handtere utfordringar i kvardagen. For leiinga i Slakteriet er det viktig å satse på tilsette som Rimvydas som vil utvikle seg vidare.

Å utvikle eigne tilsette i produksjonen er viktig for oss. Når ein medarbeidar går frå operatør til linjeleiar og vidare til opplæring som produksjonsleiar, viser det at det finst gode karrieremoglegheiter hos oss. Samtidig gir det oss større fleksibilitet i drifta ved at vi har gode avløysarar når det er behov. For meg er dette eit godt døme på korleis kompetanse vert bygd steg for steg i organisasjonen. Vi ønsker at flinke folk skal få utvikle seg vidare, og at erfaringa frå linja blir tatt med opp i produksjonsleiinga, seier produksjonssjef Kim Gunnar Jensen.

Her er eg for å bli

Då Rimvydas og kona hadde budd fem år i Florø vart dei gravid med sitt første barn. No er dei ein lykkeleg familie på fire som har kjøpt hus og slått seg til ro i byen. Her er det ein eigen ro samanlikna med det travle livet i storbyen. Det er flott natur, kort veg til jobb og lite stress. Nokre av vennane våre frå Litauen har også flytta hit og er blitt ein del av nettverket til familien. Fleire av dei har stifta familie og dei møtast jamnleg medan ungane leikar saman. Det betyr mykje å trivast på jobb og ha eit godt fellesskap rundt seg, smilar Rimvydas.

For Rimvydas er framtida i Florø klar. Eg trivst veldig godt både på jobb og her vi bur. Eg er komen til der eg vil vere, avsluttar han.